Rema 1000 handballskule
Forfatter: Trygve Kvarven
15. februar 2021
Måndag 1.mars 09.00 - 15.00 (vinterferien)
Velkommen til ein kjekk dag i hallen! ☺
Dersom du går i 1.- 6. klasse og skal være heima i vinterferien, har me ein kjempegod idé til kva du kan gjera; du kan nemlig lære deg verdas kjekkaste ballspel: HANDBALL! 🤾🏼♀️
Noregs Handballforbund er ansvarleg for Rema 1000 sin handballskule, skulen vert arrangert av handballgruppa i Fitjar, måndag 1.mars ☺
Handballskulen er eit tilbod til alle, enten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøva for første gang. Deltakarane vert delt inn i grupper etter alder og erfaring.
- Skulen er open frå kl. 09.00 til 15.00.
Pga corona restriksjoner serverer me dessverre ikkje lunsj, slik at deltakerne må ha med niste og drikkeflaske sjølv.
PÅMELDING:
Meld deg på til Liljan innan 22.02.21, og det koster kun 200,- for heile dagen.
Vipps til Fitjar Idrettslag, 94608. Merk med handballskule og navn på barnet.
Liljan V.Waage
Handball leiar FIL
Tlf: 48002330
Håpar å sjå deg i hallen - me gler oss! 🤾🏻♂️🤾🏼♀️