Debutantar på friidrettsstevne
Forfatter: Dan Torbjørnsen
31. januar 2015
Dei 12 utøvarane frå Fitjar gav verkeleg trenarane mykje å vere nøgde med denne fredagskvelden på det nye innandørsdekket på Vikahaugane.
Dei 12 utøvarane frå Fitjar gav verkeleg trenarane mykje å vere nøgde med denne fredagskvelden på det nye innandørsdekket på Vikahaugane.
For å ta dei yngste først, viste Bjart(8) og Johannes Sandvik Bø(9) samt Kristian Vestbøstad(9) flotte takter på 60m og i lengde med tilløp. Johannes med klar ny pers på sprinten med 10,48, Kristian i sin debut fekk fine 11,51, medan Bjart også viste stor framgang med 12,97.
I lengde med tilløp strekte Johannes seg til 3,22, og Kristian til 2,37m.
Johannes hoppa også høgde med tilløp, og svinga seg over 0,90m, litt bak persen.
Av dei litt eldre gutane skrella Eirik Torbjørnsen(10) nesten 8 tideler av 60m-persen sin. 10,82 lyder den nye bestetid hans. Bror Marius(12) var ikkje snauare då han sprengte 10-sek grensa med 9.93. Han viste samstundes at "uslåelege" Julian Aasheim frå Stord får stadig mindre forsprang.
Pers på Eirik i lengde med 3,18, Marius var like bak si bestenotering med 3,43m.Eirik hoppa også høgde, og oppnådde 0,85m.
Hos jentene betra Mari Fitjar Hjelle(10) persen sin i kule frå 3,71 til flotte 4,04. 28 cm forbetring også i lengde, der ho fekk opp eit hopp på 2,30m.
I jenter 11-år fekk Anna Sandvik Bø tre persar på sine tre øvingar.Ho gjekk heilt til topps i høgde med sterke 1,20m, 2.plass i lengde med 3,23 og 3.plass på 60m med 10,37 etter ein litt dårleg start.
Mia Volden var ikkje dårlegare med suveren siger i kule og klar pers på 5,72m. På 60m kom ho på plassen bak Anna. Forbetringa ti 11,12 er på over ei halvt sek!
I jenter 12 år hoppa Natalie Steien heile 3,83 i lengde. Klar pers og flott 2.plass i den tøffe klassen. Debutant Klara Wohlrab viste i sine første lengdehopp at potensialet er utvilsamt med 3,52m.
Eline Fitjar Hjelle klinka til med siger i kule i same årsklasse. 6,83 er berre 6cm bak pers.
Dagens raskaste Fitjar-bu var igjen Natalie. 60m på 9,69 er knallsterkt, men ho måtte likevel sjå seg slått av Ida Neset frå Stord, som freste inn til 9,22! Klara og Eline som vanlegvis er heilt på høgde på klubbveninna, kom denne gongen litt bak med høvesvis 10,15 og 10,31. Likevel klare personlege bestenoteringar.
Klara tok i tillegg ein flott førsteplass i høgde med 1,15m!
Konklusjon: Ser ein vekk frå gamle-trenar-Bø sine smått krampeaktige hoppforsøk, som resulterte i 1,80 i høgde og 5,41 i lengde, sette samtlege Fitjar-deltakarar ein eller fleire persar!