Klubbhåndbok
HAFO Cup
Forfatter: Trygve Kvarven
07. desember 2021
Forside
HAFO Cup blei arrangert i helga med stor suksess!
På fredag 03.12.21 deltok 8-10 klasse i HAFO cup i FKIB. 10A ved Rimbareid sto igjen som vinnarar etter endt turnering. 8A mottok pris for Fair Play.
På lørdagen var det 5-7 klasse som skulle i ilden. Her var det til slutt Selevik skule, med eit lag beståande av born frå alle skulekretsar i Fitjar, som gjekk av med sigeren. Rimbareid Skule klasse 5A fekk Fair Play prisen.
Etterpå var det førjuls samling for 1-4 klasse med stort oppmøte. Her kosa dei seg med leik, ballspel, klatring og kake. På slutten kom også nissen på besøk til stor jubel frå dei små. Ein stor takk til håndballgruppa i Fitjar Idrettslag for eit flott arrangement!