[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Fitjar IL mottar tildelingar frå SPV

Forfatter: Trygve Kvarven

10. desember 2024

Forside
News article image

Fitjar IL mottok fleire tildelingar under ein flott gåvefest 26.11.24 på Fitjar Fjordhotell

Under ein flott gåvefest på Fitjar Fjordhotell 26.11.24 mottok Fitjar IL gåvesjekkar frå SPV for tidl annonserte tildelingar. (1) Heile 2 500 000,- som er øremerka rehabilitering av kunstgrasbanen samt (2) 300 000,- som skal nyttast til stisykkelprosjektet i Midtfjellet.

Anleggsfasen i stisykkelprosjektet er godt i gong - entrepenør er i disse dager i full sving med å bygge sti og ein ser for seg å ha denne ferdigstilt medio februar 2025 avhengig av om været spelar på lag.

Rebahiliteringsprosjektet på kunstgrasmatta er også starta - idrettslaget og kommunen har finalisert avtale og anbudsprosessen er i gong. Ein har eit stor mål om å ha denne klar til seriestart. Inne i nevnte avtale så ligger det også oppgraderinger av granulatoppsamlingspunkt ihht miljøkrav.

Det er viktig å framsnakka Sparebanken Vest for deira bidrag til Fitjar - me er særdeles heldige som har ein så flott samarbeidspartnar som brenn for det samme som oss. Utan deira støtte hadde ikkje Fitjar hatt eit så rikt idrett- og kulturliv.

Fitjar IL er umåtelig takknemlig for disse fantastiske gåvene - igjen trør Sparebanken Vest til med å støtte oss slik at me kan jobbe vidare med vår visjon «idrett for alle». Sparebanken Vest har bidratt til idretten på Fitjar i ein årrekkje - me kan ikkje få utrykka kor takksame me er for dette og kor mykje dette betyr for lokalmiljøet vårt.

Vidare vil idrettslaget oppfordra på det sterkaste våre medlemmer å benytte vår lokale sparebank som gir så utrolig mykje tilbake til lokalsamfunnet.