[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Håndball: Kjempekamp av J16 i helga

Forfatter: Trygve Kvarven

04. april 2022

Forside
News article image

Fitjar IL sitt gode J16 lag møtte Odda IL i FKIB søndag 03.04.22

Det var duka for toppoppgjør i J16 serien då Fitjar IL møtte Odda IL i Fitjar Kultur og Idrettsbygg på søndag 03.04.22. Disse to laga knivar tett om topplasseringa og eit tett og jamt oppgjør var venta.

Fitjar-jentene tok kommandoen fra start og spelte ein fantastisk kamp som enda ikkje mindre en 25 - 13 i favør heimelaget! Me gratulerar så masse.

Det gjenstår to kampar til for J16 denne sesongen - heime mot Osterøy IL lørdag 30.04.22 og eit spennandes borteoppgjør mot Odda IL søndag 01.05.22.