[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Stordleikane 2015

Forfatter: Dan Torbjørnsen

20. august 2015

Forside
News article image

Våre unge løparar hadde gode dagar på Vikahaugane siste helga før skulestart

Fitjar IL sine unge utøvarar henta heim mange medaljar frå Stordleikane i helga. Joakim Malkenes gjorde seg gjeldande med ein 1. plass, ein 3. plass og ein 5. plass.

Anna Sandvik Bø fekk gull på 600 m, og Joakim Malkenes gjekk til topps på 60 meteren. Vi må òg nemne Tone Sandtorv Brakedal, sjølv om ho no representerer Stord IL. Ho vann både 80 m hekk og 100 m i sin klasse.

Like eins må me nemne Pål Haugen Lillefosse, eit av Norge sine største friidrettstalent, som me har skrive om før. Far hans, Arne Lillefosse, er som kjent frå Fitjar, og Pål hoppa denne gongen 4, 40 m i stavsprang i fjortenårsklassen. Berre 20 cm lågare enn han som vann senior-NM i denne øvinga tidlegare i år.

Her er resultata til gjengen frå FIL + Tone Sandtorv Brakedal:

Fredag
G-12 600 m: Marius Torbjørnsen 2,07,89 (3. plass)

G13 Tresteg: Marius Torbjørnsen 8,42 (3. plass)

J11 600 m Anna Sandvik Bø 1,58,57 (1.plass)

J12 600 m Klara Wohlrab 1,59,16 (3.plass )

Laurdag
G11 Joakim Malkenes 60 m: 9,26 (1. plass), Kule: 7,29 (3.plass) Lengde: 3,52 (5. plass)

G12 Marius Torbjørnsen: 60 m: 9,53 (7.plass) 60 m hekk: 11,97 (5.plass) Lengde: 3,69 (6.plass

G9 Høyde Johannes Sandvik Bø: 1,05

J11 Anna Sandvik Bø 60 m hekk: 11,58 Lengde: 3,54 (6. plass)

J12 Klara Wohlrab 60 m: 9,44 (3. plass) Lengde 3,95: 3. plass

J12 Ingvild de Fine Olsen Kule: 5,78 (9.plass) Lengde 3,11 (10. plass)

J16 Tone Sandtorv Brakedal 80 m hekk 12,96 (1. plass)

Søndag
G8 Mikael Kongestøl Vik 40 m: 8,89 Lengde: 1,92

G9 Marius Kongestøl Vik 40 m: 7,55 Lengde: 2,90

G9 Johannes Sandvik Bø 40 m: 7,17 Lengde: 3,07

J11 Anna Sandvik Bø Høgde 1,20 (6.plass)

J12 Klara Wohlrab Høgde: 1,30 (2. plass)

J 12 Liten ball Ingvild de Fine 21,28 ( 5. plass)