[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Oppstart 1 klasse fotball og håndball (balleik)

Forfatter: Trygve Kvarven

28. august 2025

Fotball
Håndball
News article image

Oppstartstrening for 1 klasse fotball og håndball (balleik)

Fitjar IL inviterer alle som går i 1 klasse til oppstartstrening for fotball og håndball (balleik) tysdag 09.09.25 kl.1700-1800 i idrettshallen i Fitjar Kulturhus.

Her vil representantar frå fotball- og håndballgruppa arrangere ei kjekk økt for 1 klassingane mens foreldra samlast på sidelinja og får informasjon om tilbodet frå dagleg leiar i Fitjar IL og gruppeleiarar. Me ynskjer også få inn dykk føresatte som trenera for dette tilbodet – i Fitjar IL har me det knallkjekt saman. Treningstider vil bli satt i samråd med foreldretrenera. Fint om borna har på bevegeleg tøy samt gode innesko.

Kva er balleik? Målet med balleik er å skapa ein trygg og leiken tilnærming til både fotball og håndball. Me ynskjer vidare å gi borna idrettsglede og meistring av grunnleggjande ferdigheiter som koordinasjon, balanse, sjølvfølelse og tryggheit med ball.

Idrett for alle

 

For spørsmål kontakt:

Trygve Kvarven (DL, Fitjar IL) tlf 45838712 / [email protected]

Liljan V Waage (leiar, håndballgruppa) tlf 48002330

Sander H Tverborgvik (leiar fotballgruppa) tlf 91000479