Ein strålande Fitjardalt og familiedag
Forfatter: Rolf Atle Rolfsnes
18. oktober 2015
Kl.13.00 søndag 18.oktober gjekk startskotet på Fitjardalten. 60 løparar la i veg på dei 6,4 km i eit strålande flott haustvêr som ikkje var for kaldt og ikkje for varmt. Det stilte løparar til start i dei fleste klassane, som strakte seg frå 10 år til 65+.
Tekst: Aina Kristin Vestbøstad, Foto: Mohammed Alaa og Rolf-Atle Rolfsnes
Raskaste mann med ny løyperekord pålydande 20,03 blei Lars Lunde. På andre og tredje plass følgde Bjørn Tore Taranger med tida 21,13 og Arne Jordåen, 22,51. Blant damene var det Nina Aarbø Olsen som var raskast med tida 26,06, Ina Engevik 27,23 og Maria Nerhus Bjelland, 29,29. Blant dei yngste deltakarane feide Halvor Aga 10 år, inn til 28,29 og Linnea Vestbøstad 11 år, som yngste jente inn til 29,48. I målområdet var det godt med tilskodarar som sørgja for god stemning og fekk løparane til å yta siste rest dei siste metrane før målstreken.
Ny rekord blei det og i Minidalten. Her blei det nemleg deltakarrekord med 81 unge løparar. Dette er ein formidabel auke frå i fjor. Kvar og ein av borna som løp fekk ein flott medalje, og smila strålte om kapp med sola då dei kryssa målstreken. Mange av borna synst det var ekstra stas at Labb og Line blei med dei rundt i løypa.
Etter løpa kunne løparar og tilskodarar trekkje inn i idrettshallen. Her var det kiosk, åresal og stands og ein god anledning til å eta både middag, kake og kaffi i god drøs med andre. Etter premieutdelinga for Fitjardalten auka spenninga blant dei minste som venta på Ted, Apa og Elfie frå Vennebyen. Det blei eit forrykande show der ungane song med og dansa til songane dei kjenner så godt. Etter showet tok dei tre figurane seg god tid til å helsa på, og dela ut klemmar til fanskaren sin.
Arrangementet blei avslutta med trekkinga av årar, og mange flotte premiar blei delte ut.
Ein stor takk til dugnadsgjengen som fekk arrangementet til å gå knirkefritt. Me gler oss allereie til neste år.
- Sjå mange bilete heilt nede på sida.
RESULTATLISTE FITJARDALTEN 18.10.15
GUTAR 10-12 ÅR
1 Halvor Aga 28,20
2 Marius Torbjørnsen 28,31
3 Joakim Fitjar 28,47
4 Sondre Fitjar 29,03
5 Jakob Myhre 30,34
6 Johannes Bø 31,40
7 Andreas Vestbøstad 32,06
8 Sander Aarskog 33,01
9 Ståle Vestbøstad 38,32
10 Jonas Forland 38,33
11 Kristian Vestbøstad 39,53
JENTER 10-12 ÅR
1 Maria Nerhus Bjelland Stord IL 29,29
2 Linnea Vestbøstad 29,48
3 Mathilde Kloster 48,31
GUTAR 13-15 ÅR
1 Arne Jordåen Stord IL 22,51
2 Jakob Rolfsnes 28,35
3 Daniel Rolfsnes 33,54
4 Jens Kloster 39,17
GUTAR 16-18 ÅR
1 Lars Lunde 20,03
2 Vegard Havn Stord IL 23,56
3 Vegard Aarbø 28,00
JENTER 16-18 ÅR
1 Silje Rydland 30,38
HERRER 19-34 ÅR
1 Hogne Buchvold 22,53
2 Anders Hundeide Magnussen 23,05
3 Rune Kvilhaugsvik 24,00
4 Johannes Olsen 24,41
5 Mikal Havnerås 33,07
DAMER 19-34 ÅR
1 Nina Aarbø Olsen 26,06
2 Ina Engevik 27,23
3 Johanne Lunde 28,53
4 Hanne Størksen 29,36
5 Elin Eidet Aarskog 30,52
6 Charlotte Ayoe Levåg 31,59
HERRER 35-44 ÅR
1 Bjørn Tore Taranger Gular IL 21,13
2 Bård Inge Bø 23,24
3 Stig Helge Westerheim 24,12
4 Karl Andre Rydland 25,16
5 Tor Henning Vestbøstad 25,17
6 Roar Pedersen 25,53
7 Håkon Rydland Sæbø 26,42
8 Jan Martin Bernes 28,05
9 Dan Torbjørnsen 28,39
10 Rune Skumsnes 28,47
11 Gisle Hjelmen 29,24
DAMER 35-44 ÅR
1 Else- Marie Kristianssen 31,00
2 Eldrid Simonsen 31,40
3 Ingvild Brekke Myhre 31,45
HERRER 45-54 ÅR
1 Per Martin Furevik 24,06
2 Harald Rydland 27,09
3 Svein Aarbø 28,18
4 Gaute Aarbø 29,47
5 Karsten Vestbøstad 29,48
6 Victor Aga 33,07
7 Finn Ingvar Havnerås, 33,10
8 Hrafn Thorsteinsson 33,14
HERRER 55-64 ÅR
1 Magne Skumsnes 25,32
2 Kjell Arne Midttun Stord 26,29
3 Per Bergesen 29,10
HERRER 65+
1 Øystein Eide Eskeland 32,23
DAMER 65+
1. Harriet Tverderøy 34,55
KOMPLETT LISTE
1 20,03 Lars Lunde G16-18
2 21,13 Bjørn Tore Taranger Gular IL H35-44
3 22,51 Arne Jordåen Stord IL G13-15
4 22,53 Hogne Buchvold H19-34
5 23,05 Anders Hundeide Magnussen H19-34
6 23,24 Bård Inge Bø H35-44
7 23,56 Vegard Havn Stord IL G16-18
8 24,00 Rune Kvilhaugsvik H19-34
9 24,06 Per Martin Furevik H45-54
10 24,12 Stig Helge Westerheim H35-44
11 24,41 Johannes Olsen H19-34
12 25,16 Karl Andre Rydland H35-44
13 25,17 Tor Henning Vestbøstad H35-44
14 25,32 Magne Skumsnes H55-64
15 25,53 Roar Pedersen H35-44
16 26,06 Nina Aarbø Olsen D19-34
17 26,29 Kjell Arne Midttun Stord H55-64
18 26,42 Håkon Rydland Sæbø H35-44
19 27,09 Harald Rydland H45-54
20 27,23 Ina Engevik D19-34
21 28,00 Vegard Aarbø G16-18
22 28,05 Jan Martin Bernes H35-44
23 28,18 Svein Aarbø H45-54
24 28,20 Halvor Aga G10-12
25 28,31 Marius Torbjørnsen G10-12
26 28,35 Jakob Rolfsnes G13-15
27 28,39 Dan Torbjørnsen H35-44
28 28,47 Rune Skumsnes H35-44
29 28,47 Joakim Fitjar G10-12
30 28,53 Johanne Lunde D19-34
31 29,03 Sondre Fitjar G10-12
32 29,10 Per Bergesen H55-64
33 29,24 Gisle Hjelmen H35-44
34 29,29 Maria Nerhus Bjelland Stord IL J10-12
35 29,36 Hanne Størksen D19-34
36 29,47 Gaute Aarbø H45-54
37 29,48 Karsten Vestbøstad H45-54
38 29,48 Linnea Vestbøstad J10-12
39 30,34 Jakob Myhre G10-12
40 30,38 Silje Rydland J16-18
41 30,52 Elin Eidet Arskog D19-34
42 31,00 Else- Marie Kristianssen D35-44
43 31,40 Eldrid Simonsen D35-44
44 31,40 Johannes Bø G10-12
45 31,45 Ingvild Brekke Myhre D35-44
46 31,59 Charlotte Ayoe Levåg D19-34
47 32,06 Andreas Vestbøstad G10-12
48 32,23 Øystein Eide Eskeland H65+
49 33,01 Sander Aarskog G10-12
50 33,07 Victor Aga H45-54
51 33,07 Mikal Havnerås H19-34
52 33,10 Finn Ingvar Havnerås H45-54
53 33,14 Hrafn Thorsteinsson H45-54
54 33,54 Daniel Rolfsnes G13-15
55 34,55 Harriet Tverderøy D65+
56 38,32 Ståle Vestbøstad G10-12
57 38,33 Jonas Forland G10-12
58 39,17 Jens Kloster G13-15
59 39,53 Kristian Vestbøstad G10-12
60 48,31 Mathilde Kloster J10-12