Klubbhåndbok
Sparebankstiftelsen støttar prosjekt Frisbeegolfbane Midtfjellet
Forfatter: Trygve Kvarven
02. juni 2022
Forside
Fitjar Idrettslag mottar midlar av SR-Bank sin Sparebankstiftelse i samband med utbygging av Frisbeegolfbane på Midtfjellet
SR-Bank sin Sparebankstiftelse overrekte støtte på 50 000,- til Fitjar IL sitt prosjekt med Frisbeegolfbane i Midtfjellet på ein tildelingsseremoni på Heiane 01.06.22.
Blandt over 900 søknadar så blei Fitjar IL prioritert på grunnlag av idrettslagets arbeid og visjon, "idrett for all" - der dette prosjektet såleis skil seg ut som eit lavterskel tilbod som passar for alle uavhengig av forutsetningar.
Idrettslaget takkar så mykje for midlane og gler seg over moglegheiten til å realisere dette tilbodet for alle i Fitjar.