Invitasjon til nyttårs-HAFO
Forfatter: Trygve Kvarven
05. januar 2023
Fitjar IL inviterar til HAFO Cup for skulane i Fitjar kommune 13.01.23 - 14.01.23.
Handballgruppa i Fitjar IL vil arrangere ei intern HAFO Cup for skulane i Fitjar Kommune for kl. 5.-10 i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg 13.01.23 og 14.01.23.
Gruppene er 5.-7. klasse og 8.-10. klasse.
8.-10. klasse vil spela etter skuletid fredag 13.januar, medan 5.-7. klasse vil spele føremiddag laurdag 14. januar.
HAFO står for HAndball og FOtball, og er ein turnering der det vert spelt fotball i 1.omgang og handball i 2.omgang. Kvar kamp er 2x10 minutt med 2 minutt pause mellom omgangane.
Vinnaren av kampen er det laget som står med flest mål ved kampslutt.
5.-7.klasse - Her må foreldre/føresette melde på spelar.
Send en e-post til [email protected] med namn, skule og klasse.
8.-10.klasse – Vi prøver eit nytt påmeldingssystem. Dåke kan melde dåke på sjølv.
Send en e-post til [email protected] med namn, skule og klasse.
Me samlar opp elevane i kvar klasse og trekker laga.
Kvart lag må også ha ein lagledar. Her kan lagledar melde seg på sjølv, eller når spelar er påmeldt på cupen. Skriv da namn og telefonnummer på lagledar. Lagleiaren vil då følja spelaren som han/ho er meldt på med. Lagledar må være 18 år.
Påmeldingsavgift er 150,- pr spelar, som blir levert samla av lagledar til hovedsekreteriatet før kampstart.
Påmelding innan onsdag 11.januar på e-post til [email protected].
Dette er sjølvsagt eit tilbod til alle borna, har du ikkje lag - ta kontakt. Oppmodar foreldra til å snakke med borna om dette, då skulen ikkje har noko med det.
(Kun sendast til Øvrebygda og Selevik: Me oppmodar i år Øvrebygda og Selevik til og samkøyre for å få reine klasselag og for at det skal bli mest mogleg rettferdig spel)
Ved spørsmål og hjelp, ta kontakt med Charlotte Ayoe Solberg, tlf: 975 03 331
eller leiar Liljan V.Waage, tlf: 48002330.
Mvh Fitjar Handball