[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

TINE fotballskule

Forfatter: Dan Torbjørnsen

25. juni 2015

Forside
News article image

22.-24.juni arrangerte fotballgruppa Tine fotballskule for aldersgruppa 6-12 år. Heile 109 barn deltok!

22.-24.juni arrangerte fotballgruppa Tine fotballskule for aldersgruppa 6-12 år.  Heile 109 barn deltok. 

På fotballskulen blir barna delt inn i treningsgrupper på 10-15 stk som er saman dei 2 første dagane og gjer øvingar og spelar kampar.  Kvar gruppe får 2 instruktørar. 

Nytt av året var at ein bytta instruktørar halvvegs i dagen slik at instruktørane fekk erfaring frå å trena ulike aldersgrupper.  Siste dagen blei alle delt inn i lag på kryss og tvers av aldersgruppene og heile dagen er sett av til turnering.  Dei minste spelte på norske storlag som Rosenborg, Brann, Molde, Viking, Haugesund, Sogndal, Vålerenga og Strømsgodset. Dei eldste spelte på Real Madrid, Barcelona, Liverpool, Man U, Arsenal og Chelsea.
Fotballskulen varte frå 10-14.  Midt på dagen var det felles matpause der alle deltakarane fekk eit Tine drikkeprodukt og oppskoren frukt.  Tysdagen var det ein ekstra pause kl.13 der alle fekk nysteikte lappekaker. 

Frå Tine fekk alle diplom, deltakart-skjorte og sekk.  Kafe Opus på Heiane gav alle ei drikkeflaske og fotballgruppa gav alle ein fotball etter fullført fotballskule.
Grunna stor påmelding har me tatt i bruk begge banane.  Dei yngste brukar grasbanen og dei eldste kunstgrasbanen.  Anne Helene Vestbøstad og Birte Steinsland hadde instruktøransvar på grasbanen, medan Arild Træet, Rune Brakedal og Martin Nysæther var på kunstgraset. 
Med oss var flotte og flinke instruktørar frå eigen ungdomsavdeling: Arild Fitjar Waage, Sander Thomassen, Luka Vucenovic, Thea Vestbøstad, Martine Stokken, Tone Brakedal, Nicolai Tufteland, Jonas Aleksandersen, Ida Sæterbø Fitjar, Ingrid Skår Bergesen, Malin Westvik, Ailin Vik, Amalie Henriksen, Vilde Vestbøstad, Ruben Træet og Markus Gerhardsen. 
Runar Søreide Skogedal var med på turneringsdagen og styrte fløyta som startar og stoppar fotballkampane.