Orientering: Stolpejakta 2024 - premiering
Forfatter: Trygve Kvarven
06. januar 2025
Orienteringsgruppa i Fitjar IL har trekt ut vinnarar for Stolpejakta 2024
Stolpejakt-sesongen 2024 er avslutta og status viser at det er registrert 109 894 stolpebesøk digitalt i løpet av året - i tillegg kjem ein del manuelle registreringar - for alle 3 136 "stolpejegerar" som deltok i 2024. Tilde Helland var den mest ivrige på våren, og var den første som fullførte alle stolpane (Fitjar). Solfrid Tranøy oppnåde heile 71 785 poeng og tok dermed årets stikk for vandrepokalen for høgaste totalsum.
I år har me hatt 115 stolpar. 30 fleire enn i fjor pga to kart a 15 stolpar i Austevoll. Interessa er framleis stor for Stolpejakt og me vurderer å utvida med nye kart i Austevoll i 2025.
Den mest besøkte stolpen er ved tree bak Fitjartun som er registrert med 3 046 besøk. Nummer to er den ved Håkonarstøtta som har 2 750 besøk. Bekkjarvik-kartet har flest registrerte "stolpejegerar" med total 1 690 navn - mens Fitjar-kartet har 1 208 navn.
Fitjar IL ynskjer også å få takke alle som har bidratt, støtta og elles tatt del i dette fantastiske tilbodet.
Premier:
- Oddbjørn Tufteland (3mnd medlemskap - Fitjar Treningssenter).
- Einar Jonstad (gåvekort - Spar Fitjar).
- Torunn Haugland (powerbanksett - Fitjar Kraftlag).
- Tilde Helland (douchebag - 4 Service).
- Bodil Kristensen (redningsvest - Engevik&Tislevoll).
- Jonas Dalen (kinobilletter - FKIB).
- Leif Anders Aarbø (kinobilletter - FKIB).
- Bjarte Kaland Hestenes (såpe - Fitjar Islands).
- Kristine M Heggøy (hårprodukt - Duo Frisør).
- Solfrid Tranøy (søndagsmiddag - Fitjar Fjordhotell).
- Else Grimen (krus - Fitjar IL Stolpejakta).
- Marit Haugland (krus - Fitjar IL Stolpejakta).