[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Sparebanken Vest støttar Fitjar IL

Forfatter: Trygve Kvarven

01. desember 2023

Forside
News article image

Fitjar idrettslag mottar gåvemidlar frå Sparebanken Vest

Fitjar idrettslag var heldig mottakar av gåvemidlar frå vår rause lokalbank, Sparebanken Vest, under ein seremoni på Bakeriet Frugård onsdag 29.11.23. Sparebanken Vest har bidrat til idretten på Fitjar i ein årrekkje - me kan ikkje få utrykka kor takksame me er for dette og kor mykje dette betyr for lokalmiljøet vårt. Disse midlane gjør det mogleg for oss å fortsatt tilby eit rikt og variert tilbod til alle aldrar til ein så lav kontigent som mogleg. Me kan no også pusse opp garderobeanlegget på kunstgrasbanen.

Det var eit bredt spekter av lag og organisasjonar på seremonien og dette synligjør kor mykje Sparebanken Vest bidrar i lokalmiljøet og kor viktige dei er for kulturlivet i regionen vår.

Sparebanken Vest sitt slagord er "Skal me ta vare på det verdifulle me har her på Vestlandet, må me gjere det saman - for saman gjer me det betre". Fitjar IL synes dette er essensielt - me vil oppmoda alle om å benytte seg av tenestene til Sparebanken Vest - det er dette som gjør det mogleg for dei å støtte vårt arbeid, "Idrett for alle".