[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Vekslande ver på Finn fram-dagen

Forfatter: Rolf Atle Rolfsnes

23. april 2017

Forside
News article image

Det et snart er mai, og dei fleste ønskjer seg vår, sol og høgare temperaturar. Likevel vakna me i dag til snøbyger og kvitt oppe i fjellet, og mange slo kanskje frå seg tanken om søndagstur på fjellet då dei såg ut glaset.

Foto: Mette Fitjar

Klokka 13 var alt klart for Finn fram-dag og ordførarens tur frå Olstjødno, og ordførar Wenche Tislevoll stod klar saman med fleire frå o-gruppa for å senda folk opp bakken til Kidnavatnet. Langs vegen var det hengt opp postar med natur-spørsmål, og ein skulle markere rett svaralternativ ved å klyppe i rett rute i utdelt svarark. Oppe ved Kidnavatnet var det premie til alle borna og det var fyr i bålpanna. Her kunne ein kjøpa både pølse i brød, kaker, bollar og kaffi. Det var òg gratis saft til alle. 

Det var lagt ut ei kort løype med postar rundt ein kolle, der det var om å gjera å springa rundt på kortast tid. Det var ikkje bruk for kart, og dei fleste sprang den merka løypa med 4 postar på litt over eitt minutt. Det var òg mogleg å springa ei lengre løype med kart, men det freista ikkje i det vekslande veret. For sjølv om alle starta i greit ver, vart det etterkvart ein god del snø i lufta då ein kom opp til Kidnavatnet. Løypa blir difor liggjande til onsdag, der folk får ein ny sjanse til å springa løp frå Kidnavatnet. Då flyttar o-gruppa Fitjarkarusell-løpet og legg ut ei C-løype i tillegg til nybyrjarløypa som allereie ligg ute her oppe.

Mellom 30 og 40 personar deltok på Finn fram-dagen i år. I tillegg var det nokre andre turgåarar som stoppa for ein prat og påfyll av mat og drikke, så kanskje det kunne vera ein ide for idrettslaget å ha open kiosk med kaker og kaffi på Midtfjellet enkelte søndagar. :-)

Les òg Sunnhordland sin artikkel om Finn fram-dagen

Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image
Custom image