[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Stolpejakten: Er du klar for fleire stolpar i Fitjar?

Forfatter: Trygve Kvarven

21. april 2023

Forside
News article image

I morgon kan du starta jakta på stolpar på Midtfjellet og Surefjedle.

Er du klar for fleire stolpar i Fitjar?

I morgon kan du starta jakta på stolpar på Midtfjellet og Surefjedle. Det er 15 stolpar på kvar kart, men du kan dela det opp i fleire turar om du ønskjer. På Surefjedle kan du få ein fin runde frå skulen, innover skogsvegen, forbi gapahuken, flasko og opp til toppen. Turen ned igjen går på mindre stiar og endar opp ved vindaugsfabrikken på Sjoareset. Turen er ca 5 km. Tar du alle på Midtfjellet, får du ein god runde på ca 8,5 km, men ver obs på at det også er skytestemne (feltskyting) på Midtfjellet i helga.

God tur!