[email protected]


Logo
Bli medlem
Sponsorar

Superhelg i Fitjar!

Forfatter: Admin

12. oktober 2026

Forside
News article image

Superhelg i Fitjar! 

Helga 17.–18. oktober byr på fotball, løpsglede og fellesskap i Fitjar. Her kan du både heia frå sidelinja og sjølv vera med på aktivitet!

Laurdag: Fitjar–ØrnenHerrelaget tek imot Ørnen i Fitjar Idrettspark laurdag 17. oktober kl. 15.00. Ta med familie og vener, og hjelp karane fram til ein god avslutning på sesongen!

Søndag: Den 45. FitjardaltenSøndag 18. oktober er det klart for den 45. utgåva av Fitjardalten ved Fitjar kultur- og idrettsbygg. Hovudløypa er 6,3 km, medan Minidalten er 600 meter. Bli med på ein dag med løpsglede og fellesskap! Sjå den eigne Fitjardalten-saka for meir informasjon om påmelding og program.

Søndag: Fitjar–Smørås 2Fotballhelga held fram når damelaget møter Smørås 2 i Fitjar Idrettspark søndag 18. oktober kl. 14.00. Møt opp og gi jentene god støtte frå sidelinja!

Set av helga og bli med på idrettsgleda – som deltakar, supporter eller begge delar.

Me sjåast på superhelg i Fitjar! 💚