Fitjar Kraftlag Cup 2021
Forfatter: Trygve Kvarven
27. oktober 2021
Fitjar IL, fotballgruppa har gleda av å invitera til årets Fitjar Kraftlag Cup 2021
27 november 2021 kl 09.30.
Velkommen til Fitjar Kraftlag Cup 2021.
Etter eit opphald i Corona året 2020 vil ein i 2021 halda Fitjar Kraftlag Cup i år. Fitjar IL, fotballgruppa har gleda av å invitera til årets Fitjar Kraftlag Cup 2021 27 november 2021 kl 09.30.
Det vert tradisjonell Bygdacup med spannande fotball, kiosk/kafe og speakerteneste heile dagen. Premiering til vinnarar av herre og dameklasse. Det er pr i dag påmeldt ca 7 herrelag og 4 damelag, det betyr at det er plass til og ynskjeleg med fleire påmeldingar. Me ber om at dei som kan tenkja seg å få til lag om å ta kontakt med Helge Træet for påmelding på SMS 908 69 203. Frist for bindande påmelding er 19.11.
Etter cupen blir det Cup bankett/årsfest for A-laget på Fitjar Fjordhotell. Påmelding til bankett/årsfest kjem ein tilbake til. Etter middag og premieutdeling vil Tom Wagtskjold spela opp til dans.
Velkommen
Agnar Aarskog (94166095) Helge Træet (90869203) Torbjørn Korsvik (90223497)