Vidar Aarskog er tilsett som ny dagleg leiar i Fitjar idrettslag
Forfatter: Dan Torbjørnsen
20. februar 2017
Etter fullført søkjeprosess har styret i Fitjar idrettslag beslutta å tilsette Vidar Aarskog som ny dagleg leiar i Fitjar idrettslag. Vidar vil ta fatt på stillinga 6.mars.
Vidar Aarskog er opprinneleg frå Fitjar, men har dei siste åra hatt adresse Stathelle. Med å bli tilsett som dagleg leiar ynskjer han å vende tilbake til heimstaden.
Vidar er utdanna innan informatikk der og økonomi og marknadsføring har vore sentralt. Det kjem godt med då det meste innan administrasjonsarbeid for norske idrettslag føregår elektronisk i dag. Alt frå utfakturering til medlemsregistrering utføres elektronisk for å gjere drifta meir effektiv og oversiktleg.
I tillegg er Aarskog utdanna personleg trenar med bakgrunn frå treningssenter-bransjen. Denne bakgrunnen ynskjer han å ta med seg inn i treningssenteret til Fitjar idrettslag for å betre dagens tilbud. Han gler seg og til å vere med å bidra for dei ulike gruppeidrettene.
Kombinasjonen IT, økonomi, marknadsføring og trenarutdanning er gode verktyg å ha med seg i ryggsekken når han no vender tilbake til Fitjar. Vidar gler seg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver og bli med på laget til Fitjar idrettslag.
Styret til Fitjar idrettslag ynskjer han hjarteleg velkomen og ser fram til eit godt samarbeid