Klubbhåndbok
6. plass i DM stafett
Forfatter: Rolf Atle Rolfsnes
27. august 2014
Orientering
Fitjar IL stilte med eitt lag i DM stafett i regnveret på Fjellstova på søndag. I Mix-klassen stilte 13 lag, og Ole Andre Westerheim, Jens Kloster og Frode Fitjar sprang alle bra, og kom til slutt på ein fin 6. plass.
Ole Andre sprang 1. etappe (A-nivå), og veksla som nr. 5, berre nokre sekund bak Sandnes IL på 4. plass. Etter Jens sin 2. etappe (C-nivå) låg laget på 6. plass. Dette vart òg sluttplasseringen etter at Frode var ferdig med siste etappe (B-nivå). Varegg sit 3. lag var i tet både til 1. og 2. veksling, men Askøy OL stakk til slutt av med sigeren.
I det individuelle løpet på søndag, sprang Frode Kloster inn til ein 2. plass i C-Open.
Foto: Evy Øien