Invitasjon til HAFO Cup
Forfatter: Trygve Kvarven
17. november 2021
Handballgruppa vil arrangere ei intern førjuls HAFO Cup for skulane i Fitjar Kommune 03/04.11.21 i FKIB
Invitasjon til HAFO Cup i Fitjar kultur- og idrettsbygg 03.-04. Desember.
Handballgruppa vil arrangere ei intern førjuls HAFO Cup for skulane i Fitjar Kommune.
8.-10. klasse vil spela etter skuletid fredag og 5.-7. klasse laurdag føremiddag.
HAFO står for HAndball og FOtball, og er ein turnering der det vert spelt fotball i 1.omgang og handball i 2.omgang. Kvar kamp er 2x10 minutt med 2 minutt pause mellom omgangane.
Vinnaren av kampen er det laget som står med flest mål ved kampslutt.
Meld deg på med eit klasselag. Det må vere minimum 6 og maksimum 9 spelarar på kvart lag.. Laga er blanda jente- og gutelag. Påmeldingsavgift er 100,- per spelar, som vert levert samla til hovudsekretariat av lagleiar før kampstart.
Påmelding må innehalde klassetrinn, namn på spelarar, namn på lag, kontaktperson og leiar øve 18 år.
Påmelding innan tysdag 30.11.21 på e-post til [email protected].
Dette er sjølvsagt eit tilbod til alle borna, har du ikkje lag- ta kontakt. Oppmodar foreldra til å snakke med borna om dette, då skulen ikkje har noko med dette.
Me oppmodar i år Øvrebygda og Selevik til og samkjøre for å få reine klasselag og for at det skal bli mest mogleg rettferdig spel.
Me gledar oss!
Ved spørsmål og hjelp, ta kontakt med Liljan V.Waage tlf: 48002330.
Mvh Fitjar Handball
Treningstider handball, sesongen 2021/2022
Måndager:
Kl.17.00-18.30 J11 (6.+7. klasse)
Ansvarleg: Karen Elisabeth S.Rydland,
tlf: +47 400 69 460
Tysdager:
Kl.19.30-21.00 J16
Ansvarleg: Liljan V.Waage, tlf: 48002330
Torsdager:
Kl. 16.00-17.00, J11 (6.+7. klasse)
Karen Elisabeth S.Rydland,
tlf: +47 400 69 460
Kl. 19.00-20.30, J16
Ansvarleg: Liljan V.Waage, tlf: 48002330
Kl.20.30-21.30, damelag/hobbylag
Ansvarleg: Ingvild Rimmereid, tlf: +47 464 13 656
Finner du ikkje treningstid for din årsklasse,
ta kontakt så ser me kva me får til ��