Invitasjon til ungdomstime med styrketrening
Forfatter: Trygve Kvarven
11. mars 2022
Fitjar Idrettslag inviterar ungdom mellom 14-18 år på ein treningstime med fokus på styrke tysdag 15.03.22 kl.1430 i hallen i FKIB
Fitjar treningssenter ynskjer på vegne av Fitjar Idrettslag å invitera ungdom mellom 14-18 år på ein treningstime med fokus på styrke tysdag 15.03.22 kl.1430 i hallen i FKIB. Her vil ein få god opplæring og instruksjon på styrkeøvelser til heile kroppen. Fokus blir på å innlære korrekt teknikk samt ha det gøy!
Dette er eit gratistilbod til ungdom i bygda som ynskjer aktivitet og litt innføring i styrketrening. Passer for alle. Me serverar frukt, drikke mm.
Me ber om påmelding til Trygve på [email protected] / tlf 45838712 / facebook messenger «Fitjar Treningssenter».