Fitjar Kraftlag støttar Fitjar Idrettslag med ålmennyttige midlar
Forfatter: Trygve Kvarven
05. oktober 2023
Fitjar IL fekk utdelt ikkje mindre en 750 000,- frå Fitjar kraftlag under ein utdelingsseremoni 04.10.23
På Fitjar er me så heldige at me har fantastisk næringsliv som støtter våre aktivitetar. Fitjar Idrettslag fekk utdelt ikkje mindre en 750 000,- under ein utdelingsseremoni 04.10.23 på Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Idrettslaget er umåtelig takknemmelig for denne støtta.
- 250 000,- Støttemidlar til idrettslaget.
Fitjar Kraftlag har vært ein fantastisk støttespeler for idrettslaget igjennom ein årrekke. Disse støttemidlane vil gjør det mogleg for oss å fortsatt tilby eit variert og allsidig tilbod til alle i bygda - samtidig som me klarer å holde kostnadane for medlemmane på eit så lavt nivå som mogeleg. Me ynskjer å ha med oss alle - uavhengig av alder, nasjonalitet, bakgrunn, økonomi mm - kraftlaget gjør det mogleg for oss å jobbe opp mot vår visjon, "idrett for alle".
- 500 000,- Terreng sykkelsti på Midtfjellet.
Prosjektet vårt med etablering av terreng sykkelsti på Midtfjellet var av nokre ansett som ein "hårete" visjon - men denne fantastiske gåve frå kraftlaget så er dette no ein realitet og me har eit mål om oppstart av byggetrinn 1 innen utgangen av 2023. Me har ei interessegruppe beståande av ikkje mindre en 450stk medlemmer så gleder seg stort over at ein snart kan drive med terrengsykling her på Fitjar. Dette hadde me ikkje fått til utan den fantastiske støtta frå Fitjar Kraftlag.