Stolpejakt desember
Forfatter: Trygve Kvarven
04. desember 2020
Prøv deg på årets julestolpar!
5 - 31.desember
Nærare 45.000 stolpar har vore registrert på Fitjar i årets stolpejakt, ein enorm deltakelse og interesse. Noko av dette kan nok forklarast med pandemien me no står i, men det visar og at folk er glad i tur og orientering. Stolpejakt er eit gratis lavterskeltilbod for alle, eit tilbod me ynskjer og fortsetta med i O-gruppa.
Som ei lito julegåve frå O-gruppa ynskjer me no og invitere alle stolpejegrar, nye og erfarne - til desember utgaven av stolpejakta. (aldri før arrangert)
Me trekk sjølvsagt kjekke premiar etter endt stolpejakt (31.desember)
Konkret informasjon:
- Start laurdag 5.desember - slutt 31. desember
- Totalt 20 stolpar fordelt på rossneset og Fitjar sentrum
- Fysiske kart finn de ved larsenbygget & Fitjar Kultur -og idrettsbygg
- Me oppfordrar til stolpejakt appen på telefon
- Karta kan de også lasta ned ved og klikke på vedlegg til denne sida (pdf format)
Ved sistnevnte kan ein registrera seg, få opp kart på telefon og scanna stolpar direkte.
For meir informasjon rundt stolpejakt og bruk av sjølve appen, sjekk gjerne ut: