[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Sette konkurrentane på plass

Forfatter: Dan Torbjørnsen

05. juni 2014

Orientering
Fotball
Friidrett
Helsesport
Badminton
Håndball
Turn
Allidrett
News article image

Tone Sandtorv Brakedal beit godt frå seg under Framo-leikane fyrste helga i juni.

Foto: Håkon Hartvedt, Fitjarposten

Tone Sandtorv Brakedal(15) var einaste deltakar frå Fitjar. Ho var påmeldt i sju øvingar, og deltok i seks.Den sterkaste prestasjonen kom på 80m hekk der ho med 12,33 sette årsbeste i landet i si klasse og vann klart. 60m i motvind og med litt dårleg start enda med 8,16 og 2.plass. Ho fekk andreplassar også I resten av øvingane, noko som viser ein stabilitet på eit høgt nivå som ingen av konkurentane kunne vise maken til. I lengde oppnådde ho 5,36(ny pers og nest best i landet hittil i år). I høgde svinga ho seg over 1,54(også ny pers), og ho strekte seg til 10,88 i tresteg.Ho avslutta serien med ein 100m på 13,16 i motvind(som også er ei tid som kjem inn på topp-10-lista i landet, men her har Tone meir inne)