REMA 1000 Handballskule på Fitjar
Forfatter: Trygve Kvarven
14. februar 2022
Det vert arrangert REMA 1000 Handballskule på FKIB 01.03.22.
Velkommen til ein kjekk dag i hallen!
Dersom du går i 1.- 6. klasse og skal være heima i vinterferien, har me ein kjempegod idé til kva du kan gjera; du kan nemlig lære deg verdas kjekkaste ballspel: HANDBALL!
Noregs Handballforbund er ansvarleg for Rema 1000 sin handballskule, skulen vert arrangert av handballgruppa i Fitjar, tysdag 1.mars i Fitjar kultur og idrettsbygg J
Dette er REMA 1000 Handballskule:
Handballskulen er eit tilbod til alle, enten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøva for første gang. Deltakarane vert delt inn i grupper etter alder og erfaring.
Skulen er open frå kl. 09.00 til 14.00
Me serverer lunsj, men det er lurt å ha med seg ei skive eller frukt som mellommåltid.
Elles treng barnet treningsklede, sko og drikkeflaske.
Meld deg på til Liljan innan 17.02.21, og det kostar kun 200,- for heile dagen.
Vipps til Fitjar Idrettslag, 94608. Merk med handballskule og namn på barnet.
Liljan V.Waage
Handball leiar FIL
Tlf: 48002330
Håpar å sjå deg i hallen - me gler oss!