Daniel jaktar 20 mål – Jone gjer gjesteopptreden!
Forfatter: Admin
07. oktober 2026
A walk in the park?
Laurdag tek Fitjar imot Galgen i Fitjar Idrettspark. Med god heimeform, ein målscorar på jakt etter ein milepæl og ein gjesteopptreden frå Jone Nysæther ligg mykje til rette for ein kjekk fotballettermiddag!
Etter 5–2-sigeren over Bønes sist helg står karane med fire strake heimesigrar. No er målet å halda fram den gode rekka og sikra tre nye poeng framfor heimepublikummet.Daniel Skarpnes jaktar 20 mål denne sesongen og håpar å ta nye steg mot milepælen på laurdag. Då laga møttest i vår, vann Fitjar heile 7–3. Kan det bli meir å jubla for denne gongen?I tillegg gjer Jone Nysæther ein gjesteopptreden i den grøne drakta – ein ekstra god grunn til å ta turen og støtta laget!
Sesongen nærmar seg slutten, men det er framleis poeng å kjempa om og mål å feira. Ta med familie og vener, og hjelp karane fram til ein ny heimesiger!
⚽ Fitjar–Galgen
📅 Laurdag 10. oktober
🕐 Avspark kl. 13.00
📍Fitjar Idrettspark
Me sjåast på kamp! 💚
(Foto: Kjetil Rydland)