[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Stolpejakta 2021

Forfatter: Trygve Kvarven

26. mars 2021

Forside
News article image

Bli med på årets kjekkaste tilbod - oppstart 27.mars

Orienteringsgruppa i Fitjar ønskjer deg velkommen til ein ny sesong av stolpejakta. I år har me også satt opp stolpar i det populære og flotte hytteområdet - Kråko.

Stolpajakta er eit lavterskeltilbod til alle i kommunen og tilreisande. Kartbrosjyren er sendt til alle husstandar i Fitjar Kommune - de ligg også vedlagt på sida vår her inne. (nederst på sida. PS: "kartbrosjyre" inneheld alle karta samt informasjon)

Det er totalt satt ut 55 stolpar i første omgang, fordelt på:

Fitjar Sentrum og områda rundt, vestbøstad og kråko.

Det er fleire måtar og registrere stolpane på:

  1. Installere stolpejakten-APP på telefon: etter registrering får du opp kartet i Fitjar, då er det bare og jakte stolpar og QR-scanne med telefon (enkelt)
  2. Benytte seg av kartbrosjyren og manuelt skrive ned for kvar stolpe - dette kan da sendes inn i post til: Fitjar IL - Orientering, postboks 28 5419 Fitjar


Ut på tur - aldri sur!


Takk til våre kjekke sponsorar som gjer dette tilbodet mogleg:

  • Sparebanken Vest
  • Midtfjellet Vindkraft
  • Fitjar Kraftlag
  • Fitjar Mekaniske Verkstad
  • Haugaland Kraft

Ikkje minst våre samarbeidspartnarar i stolpejakt prosjektet:

  • Kråko Sjøhytteområde
  • Fitjar Fjellsameige
  • GSE havnahagen (Rossneset)