Klubbhåndbok
Handballskule i vinterferien 2019
Forfatter: Trygve Kvarven
08. februar 2019
Håndball
Velkommen til ein kjekk dag i hallen!
Dersom du går i 1.- 6. klasse og skal være heima i vinterferien, har me ein kjempegod idé til kva du kan gjera; du kan nemlig lære deg verdas kjekkaste ballspel: HANDBALL!
Noregs Handballforbund er ansvarleg for Rema 1000 sin handballskule og skulen vert arrangert av handballgruppa I Fitjar, i vinterferien veke 9.
Dette er REMA 1000 Handballskule:
- Handballskulen er eit tilbod til alle, enten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøva for første gang. Deltakarane vert delt inn i grupper etter alder og erfaring.
- Handballskulen er torsdag 28.februar. Skulen er open frå kl. 09.00 til 15.00.
- Me serverer lunsj, men det kan være lurt å ha med drikke og litt frukt som eit lite mellommåltid.
- Stad: Fitjar Kultur og idrettsbygg
- Førstemann til mølla: gratis beauty bag! (påmelding)
- Pris: 150,- // betaling: Vipps #94608 merk: navn + handballskule FIL eller kontonr: 3546 66 10109 med merk.
- Husk påmelding/registrering til Liljan i tillegg til selve betalingen. SMS eller epost!
- Frist: 26 februar
Påmelding til:
Liljan V.Waage
Handball leiar FIL
Tlf: 48002330
Håpar å sjå deg i hallen - me gler oss!