Stolpejakt 2023: Premiering
Forfatter: Trygve Kvarven
05. januar 2024
Orienteringsgruppa i Fitjar IL har trekt ut vinnarar for Stolpejakta 2023
Stolpejakt-sesongen 2023 er avslutta og status viser at det er registrert 80.118 stolpebesøk digitalt i løpet av året. I tillegg kjem ein del manuelle registreringar. Dette er ein nedgang sidan i fjor, men då hadde me også 15 stolpar i Austevoll. Det er registrert 1.721 personar i listene, og 94 av desse har tatt alle 85 stolpane som er fordelt i Fitjar, Kråko, Surefjellet og Midtfjellet. Edel Brekke (13) var den mest ivrige på våren, og var den første som fullførte alle stolpane. Arne Prestbø var lenge i kamp med fjorårsvinnar av vandrepokalen, Bjørn Dalen, om å få flest poeng, men Arne drog frå på slutten. Han enda opp med 47.869 poeng, og Bjørn med 45.207 poeng – noko som betyr at begge to har vore mykje på stolpejakt. Besøkjer ein alle dei 85 stolpane ein gong, får ein 2.115 poeng. Tar ein alle ein gong til, får ein under halvparten, så det skal ein del besøk til for å få over 47.000 poeng.
Premiering Stolpejakta 2023 |
|
|
Levert av | Premie | Vinner |
Helland CNC | Bilde | Geir Soma |
MX Sport | Gavekort 500,- | "Saudajente" |
4 Service | Karafelsett | Frøydis Hamre |
Engevik&Tislevoll | Pledd og kopp | Magnar Gjeraker |
Fitjar Treningssenter | 3Mnd medlemskap | Odd Arne Sagosen |
ELØ | Glassett | Hilde Ramsland |
SPV | Goodiebag | Sølvi Korsvik |
FKIB | Kinobilletter, 2stk | Inger Lise Torvund |
FKIB | Kinobilletter, 2stk | Kristine Vik |
Varehuset Rydland | Smartklokke | Edel Brekke (mindreårig) |
Fitjar Detaljehandel, Larsen | Gåvekort 500,- | Harald Berge Breistein |
Fitjar Fjordhotell (Fitjar IL) | Søndagsbufet, 2stk | Arne Prestbø |
Stolpejakt er populært over heile landet og har i år 10 års jubileum, og i Fitjar har me no hatt dette tilbodet i 6 år. I tillegg til å aktivisere lokale Fitjarbuar og hyttefolk, er det mange tilreisande som er innom på dagsbesøk eller fleire dagar for å ta alle stolpane. Når ein ser i listene, finn ein at det er deltakarar frå mange ulike kommunar i heile Sør-Noreg.
I år er talet på stolpejegrar 200.000 på landsbasis, og alle fylker i landet er representert blant dei 154 arrangørane. I 2023 er det registrert om lag 18 million stolpebesøk på nesten 16.000 stolpar, og foreininga Stolpejakten har ambisjonar om framleis vekst.