[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

Midtfjellet halvmaraton / 5419

Forfatter: Dan Torbjørnsen

24. juni 2017

Forside
News article image

I flott sommarver vart den andre halvmaraton / 5419 gjennomført i Midtfjellet, med flott deltaking og gode tider.

Etter nokre kraftige regnbyger på morgonen så vart det eit flott løpsver for deltakarane på Midtfjellet halvmaraton / 5419.

Det var knytt spenning til om Lars Lunde klarte å behalda tittelen som den raskaste i den tøffe halvmaratonløypa. Etter å ha leda langt ut i løpet måtte han til slutt sjå seg slått av Johan Løve Gjersvik frå BFG Bergen Løpeklubb. Og tida vart strålande; 1.22.12 og ny løyperekord. 

På damesida vart det lokal siger, Nina Aarbø Olsen vart ikkje overraskande fyrste dame over målstreken på tida 1.43. 37.

Var mange tilreisande løparar som hadde teke turen til Midtfjellet denne laurdagen. Var nok ingen som sette som mål å få ny pers på denne løypa. Med i overkant 600 høydemeter så reknas løypetraseen i Midtfjellet som ei av dei tøffaste. Men som ei sa etter målgong; "det er det tøffast løpet eg har sprunge, men eg smilte heile vegen, for utsikten var fantastisk". 

På den korte løypa så vart det gjentaking frå fjoråret på herresida, Anders Hundeide Magnussen vann på tida 23.18. Ikkje langt bak to lokale løparar, Bård Inge Bø og Rune Kvilhaugsvik. På herresida vart det og sett løyperekord, Katrine Hillestad frå Stord IL på strålande 26.17. Ho var usikker før start på om ho skulle springe den "korte" eller lange løypa. Tida vitnar om at ho nok ville vore med å kjempa om medaljar og pengepremiar og på den lange distansen. Etter målgong sa ho at ho hadde vurdert ei intervalløkt istaden for i dag, men etter å ha innkassert 2.500,- for fyrsteplass så var ho nok nøgd med valet. 

Ellers så er det vert å merke seg solid deltaking av lokale yngre løparar. Både i den korte og lange løypa var det med ungdommar heilt ned i 7-årdalderen, det er imponerande.

For dei aller minste så var det minimaraton, der dei fekk springa med o-brikker på ei 1.km-løype. Her var det mykje aktivitet ut over dagen. 

Her er resultata kort oppsummert: 

Midtfjellet halvmaraton:

HerrerDamer
1,. Johan Løve Gjervik, BFG, 1.22.121. Nina Aarbø Olsen, Fitjar, 1.43.37
2. Lars Lunde, Stord IL2. Mona Tyssøy, Rossabø Runners
3. Irek Korfini, Haugesund Triatlonklubb3. Ingvild Løhre, Tromsø

 

5419

HerrerDamer
1. Anders H. Magnussen, Onarheim IL, 23.181. Katrine Hillestad, Stord, 26.17
2. Bård Inge Bø, Fitjar IL2. Solfrid Sandvik Bø, Fitjar IL
3. Rune Kvilhaugsvik, Fitjar IL3. Kristi Rydland, Fitjar IL

For resultatliste, klikk her

Custom image