Med ordføraren på tur
Forfatter: Rolf Atle Rolfsnes
01. mai 2015
Det vart ein strålande dag for alle som ville ut på tur 1. mai, og det var godt frammøte i Sælevik då ordførar og o-gruppa inviterte til Finn fram-dag og ordførerens tur.
Over 100 små og store la ut på ordførerens tur rundt Stokkavatnet i 11-tida fredag føremiddag - med kart og tur-tipp-skjema. Ordførar Wenche Tislevoll var "turførar", og det vart nok litt kø inn og ut frå postane då så mange la i veg omtrent samstundes. Langs løypa var det plassert 10 turo-postar med eit spørsmål på kvar post. I tillegg kunne ein skriva namnet sitt i boka på post 6 for å vera med i trekkinga av gevinst på månadens post for mai/juni. Turen starta på skogsvegen, men gjekk etter kvart over på sti. Nokre av postane var litt utfordrande, og ein måtte følgja med på kartet for ikkje å gå forbi eller ta feil retning.
Etter ein god tur i skogen, var det kontroll av svarskjemaet og utdeling av små kompass i premie til alle borna. Øyvind Skålevik og Sigmund Sætre grilla og delte ut gratis pølser ved skulen etterkvart som folk kom i mål. Her kunne ein òg tippa talet på godteri i ei flaske. På det nye skulekartet var det laga ei lita sprintløype på 7 postar, og mange prøvde seg fleire gonger for å få så god tid som mogleg. Både kunstgrasanlegget og skuleplassen vart flittig brukt til ballaktivitetar, og det såg ut som folk kosa seg i sola.
Det vart trekt ut premie til Jon Fitjar Hjelle og Frode Tislevoll som vinnarar på månadens post for mars/april. Nokre av deltakarare på dagens arrangement vart òg premiert med eit turorienterings-sitjeunderlag. Vinnar av godteriflaska vart Anne-Lovise Andersen, som tippa heilt rett tal på godteri (77 stk).
Alle som noterte kodane på turo-postane kan registrere desse på www.turorientering.no/fitjar, der det allereie er 51 ulike personar registrert. Dersom ein gløymde kodane, kan ein kontakte underteikna for å få desse. På same nettsida kan ein kjøpe PDF-filer av fleire turo-kart for å finna fleire postar. Heile turo-konvolutten er og mogleg å kjøpa på MX-sport, Videoen eller hotellet.