Framolekene 2015
Forfatter: Dan Torbjørnsen
31. mai 2015
Flott deltaking i eit av vestlandets største friidrettsarrangement.
Framolekene vart helga 28. - 31. mai arrangert på Fana stadion. Dette tradisjonsrike arrangementet har etterkvart blitt eit av vestlandets største friidtrettsarrangement der både breidde og topp i aldersbestemte klassar får vist seg fram. Det er på desse stevnene ein verkeleg får sjå kor høgt nivået er på vestlandet. Forutan gode resultat av våre eigne så var det kjekt å få med seg 60-metertider nede på 7.23 og høgdereslutat tett oppunder 2,0 meter. Dette gir motivasjon til vidare trening!!
Friidrettsgruppa stilte med fleire spente utøvarar som helga før hadde gjort sine saker bra på mailekene i Haugesund. Vel vitande at nivået var mykje høgare denne helga var det ein spent gjeng som møtte opp tidleg laurdag morgon.
Rekruttane Sandvik Bø (Bjart og Johannes) deltok i både 60-meter og lengde, og sto ikkje tilbake for nokon.
Av dei litt eldre så må nok jentene Anna Sandvik Bø og Clara Wohlrab seie seg mest nøgd med resultata denne helga. Clara med flott 2.plass i høgde med eit flott hopp på 1,28m. Ny pers med 13 cm er ikkje å kimse av. Anna fekk 3.plass i høgde i si klasse med eit hopp på 1.16, dette var berre eit riv frå 2.plassen!
Ingvild Olsen de Fine gjorde og sine saker bra i 12-årsklassen med gode resultat i lengde og 60-meter. Kjekt og med familie som heiagjeng for alle utvøvarane som var med!
Marius Torbjørnsen møtte sterk motstand i 12-årsklassen i sine øvelsar, men reiste heim med ny pers på 600-meter og var svært nøgd med dette.