[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

KM Natt, ein suksess

Forfatter: Øyvind Skålevik

16. april 2016

Orientering
News article image

Deltakarane let vel over gode løyper og fint terreng på Tveitafjellet.

Rolf Atle hadde som vanlig laga gode løyper som fekk gode skussmål etter løpet. Løparane til dømes frå flat- Jæren let også vel om terrenget.

Me var rimelig skeptiske då me vakna opp til nysnø i fjellet om morgonen, men også været var med oss denne fredagskvelden. Det var delvis måneskin og regnet/sludd hadde gitt seg då me skulle rigga til rundt samlingsplassen.

Starten gjekk frå Olstjødna frå kl 22 og utover. Løypene gjekk på vestsida av Kidno og dei lengste var ein god tur bortover Tveitafjellet før returen gjennom øvre del av plantefeltet på Rimbareid. Siste stykket frå nest siste posten og opp til mål gjekk gjennom tung myr og ca 50 m stigning, så dei fleste hadde lite att til noko super spurt. Likevel var det lite klaging å høyra.

Fitjar hadde 5 deltakarar som alle starta i C løypa. Geir Arne Isdal var raskast og vann dermed klasse C-open, trass i at han måtte halda lys for ein av dei andre deltakarane som fekk trøbbel med si lykt.

Løpet gjeld som Krinsmeisterskap for både Hordaland og Rogaland O-kretsar. 52 løparar fullførte.
Jonny Huse var oppnevnd kontrollør frå kretsen og passa på at løyper og anna var i tråd med regelverket.

Resultatlista ligg her. http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=6530&groupBy=EventClass

Takk til Harald, Frode, GeirArne, RolfAtle og Sigmund som var med å arragera og også  til Fitjar Kraftlag og Larsen AS som begge hjelpte oss med premiar og energi til arrangementet.

 

Øyvind.