[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbhåndbok

HAFO CUP 2018

Forfatter: Trygve Kvarven

24. august 2018

Forside
News article image

Fitjar kultur- og idrettsbygg

14 - 15.september

Invitasjon til HAFO Cup

Fitjar kultur- og idrettsbygg 14. – 15. september

Handballgruppa vil arrangere ei intern HAFO Cup for skulane i Fitjar Kommune for klassane

1. – 10. Gruppene er 1.-4. klasse, 5.-7. klasse og 8.-10. klasse.

8.-10. klasse vil spela etter skuletid fredag 14.september, 1.-4. klasse laurdag formiddag, medan 5.-7. klasse laurdag ettermiddag.

HAFO står for HAndball og FOtball, og er ein turnering der det vert spelt fotball i 1.omgang og handball i 2.omgang. Kvar kamp er 2x10 minutt med 2 minutt pause mellom omgangane. Bortsett frå dei aller minste som spelar 2x8 minutt med 2 minutt pause mellom omgangane. Vinnaren av kampen er det laget som står med flest mål ved kampslutt.

Meld deg på med eit klasselag. Det må vere minimum 6 og maksimum 9 spelarar på kvart lag. Minimum fem spelarane på laget for 1.-4.klasse. Laga er blanda jente- og gutelag. Påmeldingsavgift er 100,- per spelar, som vert levert samla til hovudsekretariat av lagleiar før kampstart.

Påmelding må innehalde klassetrinn, namn på spelarar, namn på lag, kontaktperson og leiar øve 18 år.

Påmelding innan tysdag 11. september på e-post til [email protected].

Dette er sjølvsagt eit tilbod til alle borna, har du ikkje lag- ta kontakt. Oppmodar foreldra til å snakke med borna om dette, då skulen ikkje har noko med dette.

Me oppmodar i år Øvrebygda og Selevik til og samkjøre for å få reine klasselag og for at det skal bli mest mogleg rettferdig spel.

Me gledar oss!

 

Ved spørsmål og hjelp, ta kontakt med Liljan V.Waage tlf: 48002330.

Mvh Fitjar Handball