Om oss
Idrett for alle
Fitjar Idrettslag er ein breddeidrettsklubb lokalisert i Fitjar Kommune, stifta 06.03.1949. Me jobbar kontinuerleg med tilretteleggjing av fysisk aktivitet gjennom våre forskjellige idrettsgrener.
Idrettslaget er Fitjar sin største organisasjon som har som formål å gje eit breitt tilbod til born, ungdom og vaksne i Fitjar gjennom ulike aktivitetstilbod. Vår visjon, "idrett for alle", er gjeldande i alle aktivitetar me arrangerer. Fitjar Idrettslag tel per i dag ca 900 stk aktive medlemmer. Medlemsprisen på dei ulike aktivitetane er låg slik at me kan nå flest mogleg. Fitjar Idrettslag har følgjande aktivitetstilbod: Fotball, handball, badminton, friidrett, turn, allidrett, orientering og stisykling, samt at Fitjar Idrettslag og er eigar og drivar av Fitjar Treningssenter som har ein stadig aukande medlemsmasse med ei mengde gruppetreningar som Basisball, funksjonell fitness, bosu, yoga, step mm. I tillegg tilbyr me gratis gruppetimar og opplæring til ungdom samt arrangerer fast seniortrim m/ påfølgande sosialt samvær. Elles står me også bak faste lavterskeltilbod som familiebading, stolpejakt, finn-fram dagar osv.
Idrettslaget er synleg på Fitjar, og sjåast på som ein positiv samlingsplass for både vaksne og unge, ein sosial og aktiv arena gjennom idrett og fysisk aktivitet. Fitjar Idrettslag vil fortsette den viktige jobben med å fange opp flest mulig i alle aldrar for å gje eit sunt aktivitetstilbod som har bredde og spenn for alle i bygda vår.




